Kokebok: Kjøttfrie dager

kjøttfriedager

 

For et par dagar sidan kjøpte eg meg ei splitter ny kokebok, nemleg “Kjøttfrie dager” av Aftenposten-journalist Yngve Ekern og Dagsavisen-journailst Hege Ulstein. Dei kallar boka for ein “vegvisar for travle familiar som vil ete godt og meir miljøvennleg”. I to år har dei testa korleis det er å la alle kvardagar vere kjøttfrie. Starten var litt småturbulent, men då dei fekk dreisen på det var konklusjonen klar: Dei har blitt enda meir glad i å lage mat, flinkare til å planlegge, og stressar mindre med innkjøp. Kokeboka inneheld flotte oppskrifter på alt frå veggisburger, wok, supper, pastarettar, salatar og gryterettar. Og sidan det er ei kjøttfri bok og ikkje ei vegetarkokebok, inneheld den også fiskerettar. Eg synest “Kjøttfrie dager” er veldig inspirerande. Tekstane som innleier dei ulike seksjonane er velskrevne gjer nok sitt til at mange som ikkje har laga vegetarmat før, får lyst til å prøve. Det er også kult at dei får fram korleis borna deira på 12 og 17 år har reagert på familien si matomlegging. Den siste delen om kjøtt, klima og miljø er også viktig og informativ. Alt i alt er dette ei flott og folkeleg kokebok både for veggisar og for dei som ønskjer å kutte ned på kjøttforbruket sitt.

This entry was posted in kokebokanbefaling and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>