London: Kokebøker til inspirasjon

Denne påska har eg tilbrakt i London, ein by med ufatteleg mange valmoglegheiter. Sidan eg er over middels interessert i vegetarmat, via eg ein del av turen til gode matopplevingar og matinspirasjon. Om kort tid vil eg legge ut nokre restaurantanbefalingar frå London, men i første omgang vil eg anbefale kokeboka som eg kjøpte.

Veggiestan

Den heiter “Veggiestan” og er kort fortalt ei vegetarkokebok med oppskrifter frå Midtausten. Kvinna bak boka, Sally Butcher, har også laga ein eigen blogg som høyrer til boka, men skal ønskjer du skikkeleg matinspirasjon med mange flotte foto, kule oppskrifter og gode historier frå reisene hennar i Midtausten, så er det boka som gjeld.

Den fine boka fann eg forresten på kokebok-bokhandelen, (ja, det er ein eigen bokhandel med berre kokebøker), like ved Portobello Road (Books for Cooks).

Også Waterstone’s har mange vegetarkokebøker, men ønskjer ein litt meir sjarme, så er Books for Cooks absolutt å anbefale.

kokebøker

This entry was posted in kokebokanbefaling and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>