I dag har eg funne ein ny blogg som eg gladeleg kan legge til i lista over favorittbloggar. Det kan hende at du kjenner til den (,bloggen har nemleg over 24.000 tilhengarar på Facebook), men eg hadde altså ikkje høyrt om “My New Roots” før.
Kvinna bak bloggen er vegetarkokken Sarah Britton som for tida jobbar for Noma sitt testkjøkken i København. Bilda ho tek er ekstremt flotte og oppskriftene ser veldig spennande ut. Kva med å teste ut quinoa-sushi, rabarbra- og aprikosmuffins, grønnkålschips eller kanskje søtpotet-hummus?
