No er det lenge sidan vi har hatt pai til middag, så no var det på tide å pønske ut ein ny variant. Eg prøvde meg på ein artisjokk- og brokkolipai. Det viste seg å vere stor suksess!
Deigen
250 gram kveitemjøl
100 gram plantemargarin eller Bremykt
ca. 2/3 kopp kaldt vatn
- Bland mjøl og salt og smuldre smøret.
- Tilsett vatn elt saman til deigen er smidig.
- Legg deigen i kjøleskapet i ca. 30 minutt.
- Sett ovnen på 200 grader.
- Kjelv ut deigen og ha den i ei paiform.
- Prikk i botnen med ein gaffel.
- Steik botnen i eit kvarter.
Fyllet
1 liten brokkoli
1 stk. vårlauk
1 boks artisjokkhjerter
1 boks mager kesam
3 økologiske egg
1 dl mjølk
oregano
majoram
salt
pepar
nok ost til å dekke toppen av paien
- Skjer opp vårlauk og brokkoli.
- Sil væska av artisjokkhjerta, trykk lett ut vatnet som er inne i dei slik at paien ikkje blir blaut.
- Skjer artisjokkane i to på tvers.
- Bland saman med egg, mjølk, kesam og krydder.
- Bland saman grønsakene og eggeblandinga.
- Høvl ost og dekk toppen med det.
- Ha fyllet i paiforma og steik i ca. 30 minutt.
- Servér gjerne med ein tomatsalat.
