Løkpai

Pai er både nydeleg helgemat, gjestemat og lunsjmat. Eg hadde mykje løk igjen i kjøleskapet og tenkte at løkpai var ein fin måte å få brukt opp dette på. Etter eit søk på google fann eg ulike variantar av pai med karamellisert løk, altså løk som er surra såpass lenge at den blir mjuk og søt av seg sjølv. I denne oppskrifta har eg i tillegg balsamicoeddik og squash, ein super kombinasjon viste det seg.

Løkpai 

125 gram smør
3 dl kveitemjøl
2 1/2 ss kaldt vatn

/eller ferdig filodeig

 

300 gram løk (både raud og gul kan brukast)

1 spiseskei balsamicoeddik
200 gram squash

3 fedd kvitløk

3 egg

50 gram ost

1/2 glas mjølk

1 1/2 spiseskei mjøl

1 teskei timian

salt

pepar

  • Varm ovnen på 180 grader.
  • Trykk paideigen utover i ei paiform.
  • Prikk hol i botnen med gaffel.
  • Forsteik paideigen i ca. 10 minuttar.
  • Skjer opp løken i strimlar.
  • Varm litt olje på panna og steik løken på lav til middels varme i ca. 20 minuttar.
  • Tilsett ei spiseskei balsamicoeddik.
  • La det surre ved lav varme i 10 minuttar til.
  • Høvl opp squashen i tynne, smale skiver.
  • Kutt opp kvitløken.
  • Surr squash og kvitløk i litt olje i ei panne i ca. 5 minuttar.
  • Bland saman egg, mjølk, mjøl og ost i ein bolle.
  • Tilsett timian, salt og pepar.
  • Legg squash og kvitløk i paiforma.
  • Legg så i løken.
  • Hell over eggeblandinga.
  • Steik paien i ca. 30 minuttar eller til eggeblandinga har stivna.
This entry was posted in pai and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>