Krema supper med ein rømmeklatt på toppen smakar nydeleg når det er kaldt og haustleg ute. For å gjere denne gulrotsuppa mettande og god har eg også tilsatt linser og cashewnøtter.
500 gram gulrøter
olje
1 1/2 dl appelsinjuice
1 liter grønsaksbuljong
1 liten lauk
1 pakke blautlagde grøne linser (380 gram)
2 teskeier tørka timian
salt og pepar
rømme
cashewnøtter
fersk timian
- Skrell gulrøtene og skjer dei i tynne skiver.
- Steik gulrøtene i olje i ti minuttar.
- Tilsett lauk og la det putre i fem minuttar.
- Tilsett linser, buljongvatn og appelsinjuice.
- La det koke opp, skru så ned varmen og la det putre i 15 minuttar eller til gulrøtene blir møre.
- Ha i timian, salt og pepar.
- Bland i foodprosessor og varm opp igjen.
- Ha i ein klatt rømme, litt fersk timian og ei spiseskei cashewnøtter i kvar bolle.
