Det er haust og tid for dei gode suppene. Eg har tidlegare laga squashsuppe her på bloggen, men denne gongen triksa eg til ein ny og litt meir asiatiskinspirert variant.
1 stor squash
1 lauk
2 fedd kvitlauk
2 stilkar stangselleri
1 boks kokosmjølk
1 teskei karripulver
safta av ein 1/2 sitron
1 spiseskei soyasaus
salt
pepar
fersk persille
1 neve cashewnøtter
- Skjer opp lauk og kvitlauk.
- Steik det i ei djup panne med litt olje.
- Skjer opp stangselleri og squash i små bitar.
- Tilsett det i panna saman med karripulver, soyasaus og kokosmjølk.
- La det putre i ca. ti minuttar.
- Ha i sitron og smak til med salt og pepar.
- La suppa avkjøle litt før du heller den i foodprosessoren.
- Bland til du har ei tjuktflytande suppe utan bitar.
- Er den for tjukk må du tilsette litt vatn.
- Varm opp igjen suppa på panna.
- Servér i djupe skåler.
- Hakk opp litt cashewnøtter og klipp opp litt persille.
- Strø dette over suppa.

Pingback: Highlights fra ukens utfordring – suppe!