Havrekjeks

havrekjeks

I dag fekk eg lyst til å lage noko godt. Noko som vi kan kose oss med til kaffien i vekene fram mot jul. Valet falt på havrekjeks med sjokoladebitar. Oppskrifta er ei blanding av ulike oppskrifter som eg har googla meg fram til og resultatet vart ypperleg. Smakar også nydeleg til eit glas kald mjølk!

100 gram smør eller Bremykt

200 gram mjøl

1 teskei bakepulver

1 teskei salt

1 teskei kanel

1 teskei kardemomme

200 gram sukker

2 egg

2 spiseskeier vatn

100 gram Firkløversjokolade

50 gram hasselnøtter

100 gram havregryn

2 spiseskeier kokosmasse

  • Sett ovnen på 175 grader.
  • Smelt smøret i ei gryte på middels varme.
  • Rør i gryta undervegs.
  • Kok smøret litt til slik at det skummar.
  • Rør rundt kontinuerlig slik at du ser kva som foregår under skummet.
  • Etter ei lita stund vil brune bitar danne seg i smøret og det får ei nøtteaktig lukt.
  • Ta smøret av panna når det er brunt, men ikkje brent.
  • Hell blandinga i ei skål og la det avkjøle.
  • Bland saman mjøl, bakepulver, salt, kanel og kardemomme i ein bolle.
  • Bland sukker og smørblandinga i ein annan bolle.
  • Visp saman med ein handmiksar i nokre minutt.
  • Tillsett egg.
  • Bland mjølblandinga inn i egg-, smør- og sukkerblandinga med ei sleiv.
  • Tilsett vatnet for å få ei smidig deig.
  • Tilsett havregryn, kokos og opphakka sjokolade og nøtter.
  • Dekk ei plate med bakepapir.
  • Ha deigen i klattar på bakepapiret (ca. to spiseskeier).
  • Husk å ha eit godt mellomrom mellom dei sidan dei utvidar seg i ovnen.
  • Steik kjeksa i ca. 10 minuttar.
  • Ta ut brettet og la kjeksa kvile på brettet i ca. tre minuttar.
  • Legg dei forsiktig over på ei rist.
  • La dei avkjøle før du et dei.
  • Oppbevar resten i ei lufttett boks.
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged , . Bookmark the permalink.

One Response to Havrekjeks

  1. Pingback: Highlights fra Afternoon Tea-utfordringen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>