Norske epler smakar herleg, og heldigvis er dei framleis i sesong. I dag brukte eg eple i nokre saftige muffins av den grove sorten. Slike grove muffins smakar supert som lunsj i helga eller kanskje som kveldskos på ein mørk og trist kvardag. Kombinasjonen havregryn, peanøttsmør, eple, banan, kanel og rosiner viste seg å vere kjempegod og smakar ypperleg med aprikosmarmelade eller berre godt med smør på toppen.
Til ca. 8 store muffins
1 kopp kveitemjøl
1 kopp sammalt grovt kveitemjøl
1/2 kopp havregryn
2 teskeier bakepulver
3 teskeier kanel
1/ 2 teskei salt
2 små norske epler
1 banan
1/2 kopp blautlagte rosiner
2 egg
1 kopp mjølk
1 teskei peanøtter
1 spiseskei valnøttolje eller anna vegetabilsk olje
- Sett ovnen på 180 grader.
- Kok opp vatn.
- Legg rosinene i det varme vatnet.
- Bland saman mjøl, havregryn, kanel, bakepulver og salt.
- Bland saman mjølk, egg og peanøttsmør i ein anna bolle, visp det saman med gaffel eller miksar.
- Skrell epla og kutt dei i bitar.
- Skjer opp bananen.
- Hell av vatnet frå rosinene.
- Bland eple, banan og rosiner i mjølblandinga.
- Tilsett mjølkeblandinga.
- Ha i oljen.
- Bland saman røra.
- Fordel blandinga i muffinsformer.
- Steik muffinsane i om lag 20-25 minutt, alt etter kor store dei er.
- Prikk gjerne med tannpirkar eller kakepinne for å sjå om dei ei gjennomsteikte.
- La de avkjøle på ei rist.
- Servér med smør og syltetøy.

Pingback: Highlights fra ukens utfordring – frokost!