Vegetarisk julemat

IMG_2335

Det er ei velkjend sak at kjøtforbruket går kraftig opp i jula for dei aller fleste nordmenn. Men har du kanskje tenkt at det hadde vore greit å jekke det litt ned? Eventuelt er du kanskje vegetarianar sjølv og leiter etter gode rettar å fylle jula og romjula med?

Eg har samla linkar til bra stader der du kan finne julematinspirasjon. I tillegg legg eg ut oppskrifta på den fabelaktige nøttesteiken som eg skal ete på julaftan. Dessverre har eg ikkje bilde av den her enda, fordi eg ikkje skal lage den før på vesle julafta.

Håpar desse sidene kan vere til nytte, og har du andre tips, er det berre å legge igjen ein kommentar i kommentarfeltet.

Bra vegetarjulematlinkar: 

BBC har ei flott nettside med mange oppskrifter ein kan prøve i julehøgtida, mellom anna pai, supper og patear.

Channel 4 har oppskrifter på mellom anna nøttesteik, salatar, frittata, couscousgryte, risotto og fylt løk.

Good Food Channel har også fine oppskrifter. Her er det mellom anna oppskrifter på terter, strudel, børek og risrettar.

Delicious Magazine har ikkje ei eiga vegetarisk juleside, men mange vegetariske oppskrifter dersom ein søker på dette i arkivet.

Vegetarbloggen har mange bra juleoppskrifter. Her er det både småkaker, dessertar og nøttesteik.

Og så var det min julemiddag;

Nydeleg nøttesteik

Klassikaren nøttesteik har også blitt ein juleklassikar for meg. Det finnast mange tørre og kjedelige variantar, men denne nøttesteika er både saftig og smakfull. Passar også supert om du skal ha veggisar på besøk til nyttårsmiddagen.

1 lauk

2 fedd kvitlauk

4 sopp

2 stilkar stangselleri

1 fenikkel

200 gram valnøtter

200 gram pekannøtter

200 gram cashewnøtter

1 kopp grønsaksbuljong

1 kvast fersk timian

1 teskei paprikapulver

100 gram cheddar

1,5 dl raudvin

2 spiseskeier konjakk

2 egg

salt og pepar

* Sett ovnen på 180 grader.

* Skjer opp lauk, kvitlauk, stangselleri, fenikkel og sopp og surr det i ei steikepanne med litt olje.

* Mal nøtter og ost i foodprosessor.

* Bland nøtter, ost saman med det i panna, samt resten av ingrediensane.

* Rør rundt og la blandinga stå i 15 minutt.

* Smør ei brødform og ha alle ingrediansane i.

* Sett nøttesteiken i ovnen i om lag ein time.

* Servér med poteter og rabbestabbe, eventuelt med heimlaga potetmos og steikte grønsaker (olje, lauk, squash, paprika, salt, pepar)

This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>