Mi kjære vennine Lise kom med denne knekkebrødoppskrifta til meg. Eg har prøvd andre knekkebrødoppskrifter før, men denne er så langt den beste. Dei er farlig gode og passar ekstremt godt til ost. Ifølge Lise passar dei også godt til kvitvin!
Bland saman:
1 dl sesamfrø
1 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl rista graskarkjerner
1 dl kruskakli
Tilsett:
2 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts god havsalt
Bland godt saman og tilsett:
1,25 dl vegetabilsk olje
ca. 2 dl vatn
Røra skal ikkje vere for flytande. Fordel den på to steikebrett med bakepapir. Bre det mest mogleg “knekkebrødtynt” utover brettet ved hjelp av handbakane og eit ekstra bakepapir. Fjern bakepapiret over og steik kvart brett i 10-12 minutt på 200 grader midt i ovnen. Del opp kvart brett i omlag 16 bitar med ein gong du tek ut brettet. (Bruk gjerne pizzaskjerar) Oppbevar knekkebrøda i boks med lokk.
