Du har sikkert smakt friterte vårrullar, men har du smakt ferske? Vårrullar som ikkje er steikt i olje egnar seg veldig godt som forrett eller som ein herleg helgelunsj. Skjer grønsakene i så tynne skiver som mogleg, då er det lettast å forme vårrullane.
Til risnudlane:
1 gulrot
1/2 squash
1/2 purre
5 cm fersk ingefær
ein handfull ferske bønnespirer
1 egg
100 gram risnudlar
8 stk rispapir til vårrullar
Til sausen:
1 teskei peanøttsmør
1/2 teskei sambal oelek (malaysisk chilisaus)
1 fedd kvitlauk, kuttta smått
1 spiseskei vatn
1 spiseskei sojasaus
1 teskei sukker
- Legg risnudlane i varmt vatn i ca. 30 minuttar.
- Legg bønnespirene i kokande vatn i fem minuttar.
- Kutt opp grønsakene i tynne strimlar.
- Kutt ingefær så smått som du kan.
- Varm ei panne på middels varme med litt olje.
- Lag eggerøre av egget (Tilsett gjerne ei spiseskei vatn og litt salt.)
- La eggerøra avkjøle og skjer den i striper.
- Legg eit og eit rispapir i ei djup skål med kokvarmt vatn i ca. 20 sekund.
- Legg rispapiret på ei fjøl og legg grønnsaksfyll, ingefær og risnudlar i midten.
- Fold kanten over fyllet, fold inn sidene og rull den saman så stramt som mogleg.
- Gjenta same prosedyre med resten.
- Legg dei på ein tallerken med eit fuktig kjøkkenhåndkle over heilt til du skal spise dei.
- Hakk opp kvitlauken og bland saman ingrediensane til sausen i ei skål.
