Graskarbrød

Eigentleg er det litt juks å kalle dette eit brød. Det er meir som ei slags kake. Graskarbrødet smakar nydeleg med eit godt lag til smør på, akkopagnert av eit glas kald mjølk. Herleg kveldsmat om du har lyst til å vere litt usunn, eller super som kaffimat. I denne oppskrifta har eg brukt sylta graskar i ingefærlake, men kokt graskar fungerer sikkert også fint.

 graskarbrod4

2 koppar mjøl

1 kopp sukker

1 teskei bakepulver

1 teskei kanel

1 teskei kardemomme

1/2 teskei salt

 

2 koppar kokt eller sylta graskar

2 egg

1/2 kopp olje

1/2 kopp vatn

1/2 kopp valnøtter

  • Ta av skalet og skjer graskaret i bitar.
  • Kok det til det er mørt.
  • Bruk eventuelt sylta graskar.
  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Bland saman alt det tørre ei ein bolle.
  • Mos graskaret i foodprosessor eller med ein potetmosar (ein slik du lagar potetmos med).
  • Bland graskar, egg, olje og vatn i ein annan bolle.
  • Hakk nøttene og bland dei inn i graskarblandinga.
  • Bland det tørre og det våte forsiktig saman til du får ei deig.
  • Smør ei lita brødform.
  • Ha deigen i brødforma.
  • Steik det i cirka 45 minuttar.¨
  • Dekk over med bakepapir dersom der er på veg til å brenne seg.
  • Sjekk at brødet er gjennomsteikt.
  • Ha det ut av ovnen og ut av brødforma og over på ei rist.
  • Servér ferskt med eit godt lag smør på.
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>