For eit par dagar sidan satt eg heime og såg ut vindauget i leiligheita mi. Eg satt og tenke for meg sjølv og med eitt kom eit til å tenke på indiske togturar.
Dei klamme seta i lyseblå lærimitasjon. Dei klirrande bangelsane til sarikledde kvinner. Den søte smaken av varm chai. Og den gode krydderlukta av nysteikte samosa.
Det var då eg fann ut at det var på tide å gjenskape litt av togturen i min bergenske heim: Eg lagde samosa.

Det finnast mange variantar av denne klassikaren, men eg trur den mest vanlege er med poteter og erter.
Ingrediensar:
filodeig eller springroll pastry
4 store poteter
300 gram frosne grøne erter
1 lauk
2 spiseskeier olje
1 teskei spisskummen
1 stykker ingefær
1 grøn chili, utan frø
1/2 teskei chilipulver
1 teskei garam masala
1 teskei salt
ferske korianderblad
olje til steiking
- Skrell potetene. Kok dei til dei er akkurat møre.
- Skjer potetene i bitar.
- Varm 2 spiseskeier olje i ei panne.
- Tilsett krydder, erter og ingefær.
- Rør inn potetene.
- Setta panna vekk frå plata og la innhaldet avkjølast i 15 minutt.
- Bland inn fersk koriander.
- Bland saman to spiseskeier med vatn og ei spiseskei mjøl.
- Sett til side.
- Ta fram deigen og form halvsirklar.

- Smør høgredelen av nederste kant med vatn- og mjøblandinga.
- Brett over mot høgre som vist på fotoet.
* Smør mjølblandinga på venstredelen av nederste kant.
* Brett over mot venstre som vist på fotoet slik at halvmånen dannar ei kjegle.
- Fyll kjegla med potetfyllet.
- Smør mjølblandinga på kanten og lukk samosaen.
- Sørg for at alle hol er tetta.
- Varm opp olje på middels høg varm i ei djup panne.
- Sjekk at olje er varm nok ved å ha ein liten deigklump i oljen. Oljen har passande temperatur dersom olje freser og deigen kjem langsomt opp til overflata.
- Legg samosaen i oljen.
- Snu samosane når den flyt opp til overflata.
- La dei steike til dei vert gyldenbrune.
- Legg dei ferdige samosaene i ei skål med kjøkkenpapir under slik at den overflødige oljen vert trekt ut.
- Samosa passar godt saman med mangochutney, mintsaus eller sweet chili-saus.

