Chiligryte

Inspirert av ei oppskrift i ei utgåve av bladet Vegetarian, laga eg ein veldig god middagsrett, chiligryte. Det fine med chiligryta er at ein kan stæsje den opp med masse tilbehør. Eg brukte avokado, rømme og reddik denne gongen, men vårlauk, purre eller agurk trur eg også egnar seg godt til denne retten.

chiligryteny4

2 fedd kvitlauk
1 sjarlottlauk
1/2 fersk raud chili
litt olje

1 paprika
1 boks svarte bønner
1 boks hakka tomatar
2 teskeier kajennepepper
1 spiseskei sukker
salt
1/2 kopp vatn

4 reddikar
1 lita boks rømme
2 avokado

byggris

  • Kok risen.
  • Skjer opp lauk, kvitlauk, chili.
  • Varm opp steikepanna med litt olje.
  • Surr lauk, kvitlauk og chili i to minutt.
  • Skyll bønnene godt.
  • Tilsett bønner, tomatar og paprika i steikepanna.
  • La det putre i 10 minutt.
  • Rør av og til.
  • Tilsett vatnet samt krydder.
  • Skjer opp reddikane i tynne skiver.
  • Skjer opp avokadoen.
  • Servér risen og chiligryta i ein djup tallerken.
  • Strø over avokado og reddik.
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Chiligryte

  1. Ingvild says:

    Laget denne i dag. Supergod!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>