Chilitofu

Denne middagsretten osar av Asia, og særleg Søraust-Asia. Chili, lime, ingefær er hovudingrediensane i tofumarinaden samt ingrediensar i fenikkeltilbehøret. Ein skikkelig velsmakande rett! (p.s: Det er sjølvsagt mogleg å bytte ut squashpastaen med ris eller nudlar.)

IMG_8542

500 gram fast tofu (gjerne av merket Singh tahoe)

1 raud chilli

1 lime

6 spiseskeier rapsolje

6 spiseskeier tamarisaus eller annan sojasaus

5 cm fersk ingefær

1 stor squash

1 fenikkel

1 spiseskei honning

  • Ta tofuen ut av pakken og tørk den godt med tørkepapir.
  • Skjer opp tofuen i tynne stavar.
  • Tørk av litt meir slik at alt overflødig vatn forsvinn.
  • Skjer opp chilli og ingefær.
  • Bland saman chili, ingefær, olje og tamarisaus i ei stor skål.
  • Tilsett tofubitane og bland forsiktig saman slik at alle tofubitane får marinaden over seg.
  • La tofuen stå i marinaden i om lag 15 minuttar.
  • Varm opp ei stor steikepanne med litt olje.
  • Legg tofubitane forsiktig i panna, men la marinaden renne godt av først.
  • Steik bitane på middels varme. Snu dei etter eit par minuttar.
  • Skjer opp fenikkel i småbitar.
  • Varm litt olje i ei panne.
  • Ta tre spiseskeier frå tofumarinaden over fenikkelen.
  • Tilsett ei spiseskei honning.
  • Rør undervegs til fenikkelen har blitt mjuk.
  • Kok opp vatn i ei gryte.
  • Høvl opp squash i tynne strimlar. (Har du ein såkalla mandoline, er dette tida for å bruke den.)
  • La squashstrimlane koke i eitt minutt.
  • Servér tofu, fenikkel og squashpasta saman på eit fat.
This entry was posted in asiatisk, I panna and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>