Asparges med risnudlar

Sola skin i Bergen i dag. Utanfor vindauget er trea i ferd med å bli grøne og graset er full av gule små blomar. Eg har samla meg ein haug med nye fregnar midt på nasa denne vakre vårdagen. Det følest godt.

På fine søndagar som dette passar det bra med gode råvarer som høyrer årstida til. Difor har eg eksperimentert meg fram til ein nydeleg aspargeslunsj.

asparges1

Til 2 personar:

6 asparges
2 reddikar
2 kvastar vårlauk
1/2 gulrot
1 neve cashewnøtter
100 gram risnudlar
6 spiseskeier sitronsaft
1 spiseskei fersk ingefær
1 fedd kvitlauk
1 spisseskei fersk basilikum
1 teskei tamari (soyasaus)
1 spiseskei honning
2 spiseskeier olivenolje
salt
pepar

  • Knekk av den trevlete delen av aspargesen.
  • La dei koke i lettsalta vatn to til fire minuttar.
  • Ikkje kok dei for lenge for då vert dei daffe.
  • Skyll med kaldt vatn slik at kokeprosessen sluttar.
  • Kok opp vatn til risnudlane.
  • Ha i litt olje.
  • La dei koke i tre minuttar.
  • Skjer opp basilikum, kvitlauk og ingefær i små bitar.
  • Ha det i ei skål.
  • Bland inn sitronsaft, olivenolje, honning, tamari og basilikum.
  • Bland inn risnudlane og rør godt.
  • Kutt opp reddik, gulrot, vårlauk og cashewnøtter.
  • Fordel risnudlane på to tallerknar.
  • Legg tre asparges på kvar tallerken.
  • Strø over resten av ingrediensane.
This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>