Ovnsbakte grønsaker

Har du lyst på ein innbydande middag med mange fine fargar? Då er grilla snadder eit godt val. Sitronen og oljen gjer at dei grilla grønsakene får ein veldig saftig og god konsistens. Grønsakene passar også veldig godt på ein diger sandwich med aioli til. 

IMG_6296

Til to personar

3 gulrøter
2 squash
1 raud lauk
4 poteter
2 paprika

1 spiseskei rosmarin
1/2 sitron
3 spiseskeier olivenolje
Ris (bruk gjerne villris)

Tomatraita:
3 dl yoghurt naturell eller soyayoghurt
2 tomatar
1 teskei koriander
salt og pepar

  • Kok opp ris.
  • Sett ovnen på 250 grader.
  • Skrell og kutt opp grønsakene. Putt dei i ein bolle.
  • Dryss over salt, pepar, rosmarin, sitron og olivenolje.
  • Bland saman.
  • Legg grønsakene utover ei bakeplate som du har dekt med bakepapir.
  • La grønsakene vere i ovnen i 20 minutt.
  • Ta dei ut og bland rundt.
  • Sett brettet tilbake i ovnen og la det stå i ca. 20 minutt til.
  • Hakk opp tomatane.
  • Rør dei inn i yoghurten.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , , , , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Ovnsbakte grønsaker

  1. Pingback: Pasta med tofu og grønsaker | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>