Det finnast mange vegetarbloggar rundt om på nettet. Det krev berre litt arbeid for å finne dei som er virkelig gode. I dag har eg komt over “Månebarnet”, ein dansk veganblogg. Luna, kvinna bak bloggen har mange gode oppskrifter. Eg har til dømes veldig lyst til å prøve spinattærter, tahinstekt tofu med aubergine, eller kanskje hokkaidosuppe.
At “Månebarnet” vart kåra til Danmark sin beste matbloggar i 2011, er ikkje vanskeleg å forstå!
I tillegg til oppskriftene skriv Luna også om sunnheit, økologi, miljø og gjenbruk.
Ta ein kikk på bloggen hennar og bli inspirert:
http://hijaluna.wordpress.com/
