Caponata er ein sur-søt siciliansk auberginerett. Den finnast i mange ulike variantar, men i denne oppskrifta brukar eg mellom anna oliven og rosiner for å få fram kontrastsmakane. Mange stader kan caponata brukast som ein siderett, men i denne varianten her, er det såpass mange ingrediensar at den egnar seg bra som ein hovudrett. Servér den gjerne med heimlaga potetmos. Det smakar kjempegodt!
2 auberginar
50 gram pinjekjerner
1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 boks hakka tomatar
2 squash
2 teskeier kanel
1 spiseskei kvitvinseddik eller kryddereddik
50 gram oliven
50 gram utvatna rosiner
olje
- Skjer opp aubergin i terningar.
- Varm opp litt olje i ei panne og steik auberginane på høg varme i nokre minuttar.
- Hell auberginane over i ei stor panne.
- Rist pinjekjernene i panna, men pass på så dei ikkje blir svidd.
- Ha pinjekjernene i den store panna.
- Skjer opp lauk og kvitlauk.
- Steik det i olje i nokre minuttar.
- Ha det i panna.
- Skjer opp squash.
- Ha squash, tomatar, kanel, salt og pepar i gryta.
- La det putre i ca. 20 minuttar.
- Rør om av og til slik at det ikkje svir i botnen av gryta.
- Tilsett vatn om nødvendig.
- Tilsett eddik, rosiner og oliven.
- Retten skal vere sursøt.
- Smak til med salt og sukker.
