Veggisversjonen av denne tex-mex-klassikaren er ein enkel men veldig god krydra middagsrett. Den funkar både saman med ris og saman med pasta.
1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 squash
1 kvast brokkoli
1 gulrot
1 boks raude bønner
1 boks hakka tomatar
3 teskjeier malaysisk chilisaus (nb. Ikkje sweet chili)
1 teskei sukker
1 teskei soyasaus
salt
- Skjer opp grønsakene.
- Steik dei i ei panne.
- Tilsett bønner, tomatar, chilisaus, sukker og soyasaus.
- La det putre i 10 minutt under lokk.
- Server med pastaskruar eller ris.
