Aubergine er ei altfor lite brukt grønsak i Norge. Mitt inntrykk er at dette skuldast manglande kunnskap om kva den faktisk kan brukast til. Eg har blitt veldig glad i aubergine etter å ha spist linsemoussakaen som også er å finne på bloggen her, men i dag prøvde eg ut ein ny variant: Gratinert aubergine med mozzarella og kvitlauk. Saman med steikt sopp, salat og godt brød, blir det ein super middag. Eit anna alternativ er sjølvsagt å lage det som ein lekker lunsj eller ein lun kveldsrett.
2 auberginar
2 fedd kvitlauk
100 gram rista brødsmular
4 spiseskeier olivenolje
250 gram mozzarella
1 neve fersk persille
1 neve fersk basilikum
salt
pepar
- Sett ovnen på 200 grader.
- Skjer auberginane i to.
- Kutt djupe rifter i auberginen utan å skjere i skalet.
- Kutt opp kvitlauken i små bitar.
- Klipp persillen i små bitar.
- Bland saman kvitlauk, persille, brødsmular og halvparten av olivenoljen.
- Smør blandinga over auberginane.
- Hell over resten av olivenoljen.
- Ha auberginane i ovnen til dei er gyldne.
- Skjer opp mozzarellaen i tynne skiver.
- Legg osten på auberginane og ha dei i ovnen til osten har smelta.
- Strø over basilikum.
