Blomkålsuppe

Supper kan lagast av veldig mange grønsaker, men denne gongen har eg prøvd ein kombinasjon av ei velkjend grønsak, og ei ukjend: Blomkål + romanesco. Denne konkylieforma grønsaka kan byttast ut med brokkoli dersom du ikkje finn den på butikken. Soyafløten kan sikkert også byttast ut med vanleg fløte. 

God middag!

blomkål

1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 blomkål
1 romanesco
3 dl soyafløte
1 grønsaksbuljong
3 dl vatn
1 teskei chili
1 teskei spisskummen
salt
pepar

Kutt opp lauk og kvitlauk.
Steik det på middels varme med litt olje.
Skjer opp dei andre grønsakene.
Legg nokre til side som pynt.
Tilsett grønsaker, vatn og krydder.
La det surre i 15 minutt.
La det avkjøle i fem minutt.
Ha det i foodprosessor til massen vært jevn.
Ha suppa tilbake i panna og tilsett soyafløte.
Kok blomkålbitane som du har til overs i ei eiga panne.
Kok opp suppa og smaksett med salt og pepar.

This entry was posted in supper and tagged , . Bookmark the permalink.

One Response to Blomkålsuppe

  1. Pingback: Plantebasert ernæring | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>