Frukostblandingane ein kjøper på butikken inneheld ofte store mengder sukker. Lagar ein frukostblandinga sjølv har ein kontroll på sukkerinnhaldet + at ein kan velje akkurat kva ein vil ha i den sjølv: Perfekt!

2 koppar havregryn
1 kopp kruskakli
1 kopp sesamfrø
1 kopp mandlar
1 kopp hasselnøtter
1 teskei kanel
1 spiseskei kokosmasse
2 spiseskeier honning
1 spiseskei olje
1/2 kopp rosiner
1/2 kopp tørka aprikos
- Sett ovnen på 150 grader.
- Rør saman havregryn, kruskakli, sesamfrø, kane og kokosmasse i ein bolle.
- Rist mandlar og hasselnøtter i ei tørr panne i eit par minuttar.
- Ha honning og olje i ei panne på middels varme.
- Ha i alle ingrediensane minus rosiner og aprikos.
- Rør ingrediensane saman på middels varme i fem minutt.
- Fordel blandinga utover eit bakepapir på eit brett.
- Rist granolaen i 30 minutt.
- Rør ofte så blandinga ikkje blir brent.
- Avkjøl blandinga.
- Kutt opp rosiner og aprikosar.
- Bland saman med resten.
- Servér gjerne med yoghurt naturell.