Her om dagen kom eg over ei veldig fin matside som heiter Honest Fare. (www.honestfare.com) Inspirert av Gabrielle som har denne sida fann eg ut at eg ville prøve å dyrke mine eigne spirer. Resultatet vart supert, så eg vil difor dele framgangsmåten her. Resultatet blir deilige sprø spirer (liknar litt på bønnespirene ein kan kjøpe i butikken). Desse kan brukast i supper, salatar og wok, eller rett og slett for å piffe opp ei kjedeleg brødskive.
- Skyll ein kopp grøne linser i kaldt vatn gjennom ei sil.
- Legg linsene i ei skål med vatn i åtte timar.
- Skyll linsene igjen.
- Ha linsene i ei glaskrukke. (Krukka skal vere så stor at den ikkje er fylt meir enn ein tredjedel.)
- Strekk ein tynn kjøkkenklut over opninga på krukka.
- Stram til med ein gummistrikk.
- Skyll linsene i kaldt vatn (medan klutloket er på), to gonger om dagen.
- Rist godt og la vatnet renne ut igjen.
- Gjenta skylleprosessen i fire til fem dagar.
- Linsene har no blitt til spirer!
- Ta spirene ut av krukka og legg dei i ei lufttett plastboks i kjøleskapet med litt kjøkkenpapir i botnen.
- Spirene held seg friske i om lag ei veke.
