Ratatouille smakar nydelig med villris eller heimlaga potetmos. Om du et restane dagen etter at du har laga den, så smakar den enda betre!
Ein stor lauk
2 stenger selleri
1 kvitlauksfedd
200 gr. squash
150 gr. rå potet
200 gr. raud paprika
1 boks hakka tomatar
1 dl. olivenolje
2 ss. tomatpuré
2 ss. soyasaus
2 ts. timian
salt og pepper etter smak
- Skjer grønnsakene (ikkje tomatene) i små terningar.
- Steik dei porsjonsvis etter grønsakstype i olje i ei panne.
- Krydre med salt og pepar under fresinga.
- Hell dei stekte grønsakene i ei eiga gryte etter kvart.
- Ha i tomatane og litt meir olje.
- La retten putre under middels varme i om lag 20 minuttar. (Sjekk at potetene er møre)
- Smak til med salt, pepar og timian før servering.
