Heimbakst er alltid godt. Det luktar godt. Det smakar godt. Det får meg til å smile. I helgane brukar vi av og til å lage scones til frukost. Det tek ikkje meir enn 20 til 25 minuttar å lage dei, og dei smakar supert med eit godt lag smør, litt syltetøy og ein kopp te til.
250 gram kveitemjøl
1 dl vatn
1 dl mjølk
2 ts bakepulver
30 gram smør
1/2 teskei salt
- Sett ovnen på 200 grader.
- Ha mjøl, salt og bakepulver i ein bolle.
- Skjer smøret i terningar og kna det inn i mjølet.
- Ha mjølk og vatn i eit målebeger.
- Ha i nesten all væska i mjølblandinga.
- Bland forsiktig inn.
- Ta i siste skvetten med mjølk og vatn dersom deigen treng det.
- (Her er det viktig at du ikkje eltar for mykje for då blir bakverket tungt og hardt.)
- Dryss mjøl på benken.
- Trykk deigen flat med fingrane.
- Ta fram ein kopp og dypp det i mjølposen slik at mjølet sitt fast rundt kanten.
- Stikk ut sirklar med koppen.
- Legg sirklane på ei bakeplate.
- Skjer eit kryss på toppen av sirklane utan å skjere heilt gjennom.
- Pensl sirklane med mjølk.
- La dei steike i ca. ti minuttar eller til dei er gyldne.

Nam, ser gode ut :) Må lage disse snart, er så godt med noe hjemmebakt til frokost ;)