Vekemeny

Strevar du stadig med kva du skal lage til middag? Føler du at du tek litt vel mange turar på butikken? Endar du opp med å måtte kaste mykje av det du har i kjøleskapet fordi du har mista oversikta? Då har eg ei løysing til deg som vil gjere middagslaginga ti hakk lettare. Du har sannsynlegvis vurdert det tidlegare, men ikkje tatt steget lenger enn til tankestadiet.

Eg snakkar om konseptet vekemeny. Det er eigentleg veldig enkelt og sparar deg for mykje tid og unødvendige turar på butikken. I tillegg inspirerer det deg til å lage varierte middagar.

vekesmeny

Kort fortalt fungerer det slik:

  1. Sjekk kva du har i kjøleskap og andre skap.
  2. Leit fram kokebøker, internett, ein penn og eit stykke papir.
  3. Finn oppskrifter til mellom fire og sju middagar, alt etter behov. (sjå utdjuping om dette nedanfor)
  4. Skriv middagane for dei ulike dagane på lista.
  5. Lag ei handleliste basert på middagslista. (Husk at du gjerne har nokre ingrediensane allereie)
  6. Kjøp inn maten.

Punkt tre: Grunnnen til at eg skriv mellom fire og sju middagar, er at det ofte er lurt å lage nokre middagar som varer i to dagar. Vi gjer alltid det. Både fordi mange rettar egnar seg til å lage i større format, samt at ein sparar mykje tid. Lasagne, pai, og gryterettar er gode døme på middagar som varer minst to dagar. Du har sjølvsagt også moglegheita til å fryse ned delar av middagen og bruke den neste veke.

Ein annan ting som du bør finne ut av er når du skal lage middagane. Eg brukar veldig sjeldan å lage mat akkurat når eg kjem heim frå jobb. Då er eg altfor sliten og ikkje minst svolta. Derfor brukar eg veldig ofte å lage mandag- og tirsdagsmiddagen på søndagskvelden. Det er utrulig takknemlig å berre skulle varme opp middagen og eventuelt lage litt salat før ein kan sette seg til bords. Ei anna løysing er å ete noko lite når ein kjem heim, enten frukt eller eit par brødskiver, å så lage middagen i sjutida når ein ikkje er så sliten lenger. Nokre middagar kan også lagast delvis ferdig kvelden før, slik at middagslaginga på sjølve dagen tek kortare tid.

Eit anna triks som ein bør hugse når ein sitt der og planlegg middagane er å lage ein variert plan. Er det pasta den eine dagen, bør ein kanskje velge ris den neste.

Det siste trikset er å ta vare på vekeplanane. Vi brukar å henge dei på kjøleskapsdøra, med den nyaste først. Dei andre heng klar til neste planleggingsøkt. Kanskje kan ein bruke heile vekemenyen igjen etter ein månad eller to, eller ein kan hente inspirasjon frå delar av dei gamle menyane.

p.s: Nokre gonger blir veka annleis enn ein hadde planlagt. Ikkje fortvil. Planen er fleksibel og kan justerast. Husk då berre å få med ingrediensane over i neste vekes meny dersom der er noko du ikkje har fått brukt.

Lykke til!

veggislogo

This entry was posted in tips og triks, vekemeny and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>