For mange er januar ei gylden anledning til å starte med nokre sunne vanar som kanskje slapp taket ein gong midt i fjoråret. Sjølv om eg er veldig glad i salat er det ikkje alltid eg er like flink til å diske opp med dei gode vitaminbombene. Dette skyldast kanskje mangel på inspirasjon og ei viss rådvillheit over kva ein skal putte i desse salatane for å få ei mettande og variert smaksoppleving. Men kikkar ein seg litt rundt er molegheitene mange. Bytt gjerne ut dei trøtte brødskivene med ein saftig salat, eller disk opp med ein lekker grøn tallerken til kveldsmat.
1 porsjon
Ingredisensar:
1 avokado
125 gram fersk mozzarella
1 dl bulgur
1/2 kopp kokte kikerter
2 koppar ruccolasalat
10 cherrytomatar
4 spiseskeier olivenolje
1 spiseskei sitronsaft
salt
peppar
Slik gjer du:
- Kok opp bulgur som anvist på pakken.
- Klem ut væsken av mozzarellaen med eit kjøkkenpapir.
- Skjær opp mozzarella, avokado og cherrytomater i bitar.
- Rør saman oljenolje, salt, peppar og olje.
- Ha alle ingrediensane i en djup tallerken.
- Ha over oljeblandinga.
