Krydra grønsaksbiryani

Dette er ein supergod middagsrett som egnar seg godt når ein har gjestar. Oppskrifta er inspirert av BBC Good Food si oppskrift, men har nokre variasjonar som eg har funne fram til sjølv.  

Biryani er ein risbasert rett laga av krydder, ris og grønsaker. Den finnast sjølvsagt i ulike kjøtvariantar også. Namnet kjem frå det persiske ordet “berya” som betyr grilla. Biryani finnast i dag på heile det indiske subkontinentet, men har sin opprinnelse frå Mogulriket. 

IMG_1296 2

Til fire personar: 
2 spiseskeier solsikkeolje eller rapsolje
1 blomkål
2 søtpoteter
1 raudlauk
1 fersk chili
100 gram haricot verts (bønner)
5 dl grønsaksbuljongvatn
2 teskeier tandori masala-krydder
1 teskei garam masala-krydder

400 gram ris
1 neve cashewnøtter
1 sitron
fersk koriander
salt
pepar
1 lita boks ananas

papadums

Raita:
1 kopp yoghurt naturell
1/4 agurk, kutta i små bitar
1/4 teskei koriander
1/4 teskei spisskummen

  • Kok ris i ein kjele.
  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Ha oljen i ei ildfast form.
  • Ha forma inn i ovnen i nokre minuttar slik at olje blir varm.
  • Skrell søtpotetene.
  • Skjer opp lauk, blomkål og søtpotet.
  • Ha grønsakene i den ildfaste forma.
  • Ha på salt og pepar.
  • Sett forma tilbake i ovnen og la de få ein gylden farge (ca. 15 minuttar).
  • Rør gjerne litt i det undervegs.
  • Skjer chilien i små bitar.
  • Medan grønsakene blir grilla, blandar du saman buljongvatn, krydder og chili.
  • Når grønsakene og risen er ferdig, blandar du saman dette i den ildfaste forma og heller over kryddervatnet.
  • Kutt opp bønnestenglane og strø dei på toppen.
  • Bak retten i ovnen i om lag 30 minuttar.
  • Dekk over med aluminiumsfolie.
  • Rør undervegs.
  • Nesten alt kryddervatnet skal no vere fordampa.
  • Ta gryta ut av ovnen og press ut safta av ein heil sitron.
  • Strø over cashewnøtter, ananas og fersk koriander.
  • Servér med raita og papadums.

 

This entry was posted in asiatisk, gryterettar, Kjeks og kaker and tagged , , , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>