Vegetarsushi

vegetarsushi

Sushi er ikkje berre for fiskespisarar, for det finnast nemleg utruleg mange spennande vegetarvariantar ein kan lage! Har ein aldri laga sushi før, kan det framstå som relativt omfattande, men ein får fort god trening i prosessen. Det fine med sushilaging, er at ein gjerne kan gjere dette saman med andre. Fleire kokkar gir ikkje meir søl, berre kjappare sushi. Denne oppskrifta rekk til eit godt måltid for fire personar. 

Enkelt forklart består sushilaging (og spising) av fire delar:
1. Riskoking
2. Kutting
3. Rulling
4. Spising

Først til risen:

Å få dreisen på risen er noe av kunsten med sushi. Du trenger litt tid på deg til å lage sushiris, så sørg for at du starter i god tid før sushien skal serveres.

250 gram 
sushiris 
4 dl vatn
2 spiseskeier japansk riseddik 
2 spiseskeier sukker

Slik gjer du: 

  • Skyll risen i kaldt vann til vatnet blir klart.
  • La risen ligge i blaut i 20 minuttar i det siste skyllevatnet.
  • Hell av skyllevatnet og ha 4 dl nytt vatn i ein kjele med lokk, la det koke i fem minuttar.
  • Ta risen av plata og skru ned til lavaste trinn, la risen trekke på svak varme i om lag 10-15 minuttar til alt vatnet er borte.
  • Ha så risen over i ein bolle og la den avkjøles. Bollen bør har størst mogleg diameter.
  • Bland saman eddik og sukker. Rør til alt er oppløyst.
  • Hell eddikblandinga over risen og bland forsiktig inn. Risen skal være klebrig og ikkje blaut, det er derfor viktig at du justere mengda og ikkje har i alt på ein gong.
  • Avkjøl risen med ei håndvifte mens du vender risen.
  • Dekk risen med eit fuktig kjøkkenhandkle, slik at den held på fuktigheita.
  • La risen avkjølast til kroppstemperatur før du startar å lage sushien.

vegetarsushisteg1

Kutting:

1/2 agurk
2 gulrøtter
1 paprika
5 reddikar
1 avokado
majones

  • Lag eggerøre av tre egg og tre spiseskeier mjølk.
  • Skjer agurk, gulrot, paprika, reddik, avokado og eggerøre i tynne striper og legg det på ei skjerefjøl.

vegetarsushisteg2

Rulling:

  • Legg et ark noritang på bambusmatta, og fordel eit tynt lag ris utover arket. Unngå å legge ris helt ut i kanten øverst og nederst på noritangen.
  • Legg grønsakene og eggerøra i ei stripe på midten av risen.
  • Ha på ei stripe majones.
  • Ha litt eddikvatn på fingrane, og gni det utover kanten på noritangen. Rull saman til ein fast rull ved hjelp av bambusmatta, som om det var ei rullekake, og klem godt saman.
  • Skjer kvar rull i to, og del så vidare i to og to til du har fått åtte bitar.

Spising:
wasabi
soyasaus
sylta ingefær

Kombinasjonen av sushi, wasabi, soyasaus og ingefær, er det som gjer måltidet komplett. Wasabien er veldig sterk, så her gjelder det å vere forsiktig i starten. Tek ein for mykje wasabi, har det ein tendens til å gi ei eksplosjonsarta kjensle i naseborane. Soyasausen skal serverast i ei liten skål ved siden av, og den sylta ingefærene skal danderast i ein liten haug på kvar tallerken.

  • Bland litt wasabi i soyasausen.
  • Legg ingefær på toppen av sushibiten.
  • Bruk spisepinnane til å dyppe sushibiten i soyasausen.
  • Velbekomme!
This entry was posted in asiatisk and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

3 Responses to Vegetarsushi

  1. Veganmannen says:

    Åj! Reddiker! Det har jeg ikke prøvd, nam! Takk for flott innlegg med gode tips :)

  2. milostephan says:

    Hei Veganmannen!
    Så hyggeleg at du likte innlegget. Veggetarsushi er digg :-)

  3. Pingback: Ukemeny fra Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>