Squashpasta

Pasta med ostesaus finnast i uttalige variantar. Eg har funne ut at sopp og squash egnar seg ypperleg. Dette er ein lettvint, men smakfull middag. 

squashsopppastaredigert

 

1 squash
10 sopp
2 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 kopp fersk persille
1/2 boks Philadelphia-ost
1 kopp parmesan
1/2 kopp mjølk
ein neve pinjekjerner
salt
pepar

350 gram pasta

  • Kok opp ei kasserolle med vatn, litt salt og litt olje.
  • Kok pastaen til den er ferdig.
  • Skjer opp kvitlauk og vårlauk.
  • Varm opp steikepanna med litt olje.
  • Fres kvitlauk og vårlauk eit par minutt.
  • Skjer opp sopp og squash.
  • Tilsett dette i steikepanna.
  • Strø over persille og bland inn.
  • Rør Philadelphia-osten og parmesan inn i blandinga.
  • Rør rundt og ha i mjølka til slutt. 
  • La det putre eit par minutt.
  • Rist ein neve pinjekjerner på ei tørr panne. Pass på så dei ikkje svir seg. 
  • Ha pasta på ein tallerken. Ha på ostesausen og strø over pinjekjernene. 
This entry was posted in pasta and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>