Steikje gode svele

Det er søndag. Det er sol og det er morsdag. Ein super dag for noko søtt. Eg er ikkje så veldig gira på kaker, men gjærbakst, vafler og sveler er eg superglad i. Her er sunnmørsklassikaren sveler. Dei smakar sjølvsagt best heilt rykande ferske, med smør og sukker på.

God søndag!

storsveleliggande

Ingrediensar:

5 egg

1,5 kopp sukker

1 liter kveitemjøl

1 liter kulturmjølk

1 toppet teskjei natron

1 toppa teskjei hjortesalt

75 gram margarin

  • Rør saman egg og sukker.
  • Rør inn kulturmjølk.
  • Bland inn det tørre litt etter litt.
  • Rør til ei jevn røre.
  • La røra stå ein halvtime i kjøleskapet.
  • Steik svelene i ei takke eller ei stekepanne med litt smelta margarin.
  • Serverast med smør og brunost eller ei blanding av smør og sukker.
  • På ekte fergevis skal svela brettast på midten med «pålegget» inni.
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>