Inspirasjon: Fotoworkshop

For å kunne lage ein fin matblogg er det viktig å ta fine og innbydande bilde. Forrige helg var eg på workshop for å lære meg meir om matfoto, og eg skal sanneleg sei at eg lærte mykje og fekk plenti med inspirasjon! Dei som stod for kurset “London Supperclub Food Styling and Photography Workshop” var Meeta K. Wolff som har bloggen What’s for Lunch Honey?, Sumayya Jamil frå Pukka Paki, og Jeanne Horak-Druiff frå Cooksister.

Vi starta den første dagen med grunnleggande fototeknikk før vi gjekk vidare til korleis ein går fram når ein “stylar”. Sesjonen til Meeta som handla om komposisjon, fokus, fargar, lys, dybdefelt, vinklar og tilbehør var veldig lærerik. Vi lærte om korleis ein skaper ei stemning i bildet både utfrå ein fotograf sitt perspektiv og ein stylist sitt perspektiv.

SumayapropPå dag to var det klart for mange fleire praktiske oppgaver. Vi skulle få teste ut det som vi hadde lært dagen før. Eg var på lag med Nuraan og eg må sei at vi lærte mykje av kvarandre. Bilde ovanfor er tatt av Sumayya. Ho hadde så fin kjortel at vi spurte om ho ikkje ville stille på bilde!

I dei andre oppgåvene skulle vi ta eit ingrediensfoto, eit “action-bilde” og eit hovudfoto som kunne passe til framsida på eit matmagasin.

workshopstep2

Workshopen var hovudsakleg opptatt av foto, men vi lærte også å lage litt av den herlege maten. Heldigvis for meg var veldig mykje av maten vegetarisk og eg har store planar om å lage nokre av Pukka Paki sine fabelaktige pakistanske oppskrifter her heime.

workshopstep3

I fotoet ovanfor viser Sumayya korleis ho lagar chapati med ghee. Litt seinare laga ho ein lekker dahl som vi brukte til vårt forsidefoto.

covershot

På den første kvelden var vi forresten på eit privatrom i ein restaurant som heiter Chiswell Street Dining Rooms. Der fekk vi teste ut det Jeanne hadde lært oss om fotografering i dårlig belysning. Ho er nemleg ein kjend restaurantanmeldar og må ofte ta bilder i dempa restaurantbelysning. Middagen var super, men om nokon utanforståande hadde komt innom og sett oss 14 nerdete matfotofolka fotografere mat, fat og lysekroner i aksjon, så ville dei trudd at vi var lettare forstyrra. Fotoet nedanfor illustrerer litt av stemninga:-)

matfotonerding

Workshopen var med andre ord heilt super, og forhåpentligvis kjem lesarane av Veggisbloggen til å merke resultata av mine nye kunnskapar.

 

This entry was posted in inspirasjon and tagged . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


− 3 = five

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>