Linse- og soppmoussaka

Denne fantastiske retten er henta frå Rosie Percival og Ruth Freidlander si vegetarkokebok “Marta goes green“. Moussakaen tek litt tid å lage, men smakar aldeles nydeleg!

linsemoussakaen

3 auberginar

salt

3 spiseskeier olivenojle

1 lauk

2 fedd kvitlauk

1 teskei kanel

1 teskei oregano

8 sopp

1 tomat på boks

400 gram oransje linser

2 teskeier tomatpuré

1 kopp grønsaksbuljong

Kvit saus:

2 spiseskeier smør/margarin

3 spiseskeier mjøl

1 1/2 kopp mjølk

1 kopp parmesan eller anna kvitost

1 egg

salt

pepar

2 spiseskeier brødsmular eller griljermjøl

  • Varm ovnen til 180 grader.
  • Skrell av “skalet” og skjær auberginane opp i tynne skiver.
  • Legg auberginskivene på eit steikebrett med bakepapir.
  • Strø salt på begge sider og la dei ligge i 20 minutt.
  • Saltet vil trekke det bitre ut av auberginen.
  • Tørk av veska som kjem ut med kjøkkenpapir.
  • Pensl auberginen med olje og sett det i ovnen til det blir gyllent.
  • Kutt opp lauk, kvitlauk og sopp.
  • Varm opp ei steikepanne med litt olje.
  • Fres lauk, kvitlauk og sopp i fem minutt.
  • Tilsett kanel, oregano, tomatar og linser.
  • Bland saman
  • Tilsett tomatpuré og grønsaksbuljong.
  • Sett ned varmen og la det putre i 15 til 20 minutt.
  • Smelt smør i ei kasserolle.
  • Tilsett mjøl og bland saman.
  • Lett i mjølka sakte og bland.
  • Kok opp og rør rundt.
  • Ta vekk frå varmen og rør inn ost, egg, salt og pepar.
  • Strø brødsmular i ei ilfast form som du har smurt.
  • Legg halvparten av auberginane i.
  • Legg halvparten av linsesause opp på.
  • Gjer det same igjen.
  • Hell til sist over den kvite sausen.
  • Strø over brødsmular på toppen.
  • Sett retten i ovenen og la den stå i 30-40 minutt.
  • Servér gjerne med litt tomat og salat til.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Linse- og soppmoussaka

  1. Sissel says:

    Den her var farlig god!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>