Vegetarlasagne

Vegetarlasagne er ein av mine absolutte favorittar. Det smakar rett og slett supergodt. Ein ekstra bonus er at det egnar seg godt som gjestemat. Dersom ein ikkje får gjestar kan ein spise den to dagar på rad. Og faktisk smakar den nesten enda betre på dag to, når smakane har blanda seg skikkeleg godt saman.

Når det gjeld grønsakene som er i denne lasagnen, er det gode moglegheiter for variasjon. Purre, stangselleri og lauk smakar også godt i lasagnen. Ein salat og gjerne godt brød med smør på, høyrer også med.

vegetarlasagne

Ingrediensar:
Grønsakssausen
4 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 liten brokkoli
2 gulrøter
6 sopp
1 boks hakka tomatar
1 spiseskei oregano
salt
pepar

6 lasagneplater

Ostesausen
3 spiseskeier plantemargarin
3 spiseskeier kveitemjøl
5 dl økologisk mjølk
1 kopp kvitost

+ ost til å dekke toppen.

  • Skjer opp grønsakene.
  • Steik vårlauk og kvitlauk med litt olje i ei steikepanne.
  • Tilsett brokkolig, sopp og gulrøter.
  • La det steike i fem minuttar på middels varme.
  • Tilsett tomatar og krydder.
  • La det putre i fem minuttar til.
  • Ha margarin i ein middels stor kjele.
  • La det smelte.
  • Tilsett kveitemjøl litt og litt.
  • Rør godt.
  • Tilsett mjølk litt og litt medan du rører.
  • Pass på at det ikkje brenn fast i botnen.
  • Når det startar å koke, sett ned varmen og tilsett osten.
  • La det koke på svak varme i fem minutt medan du rører.
  • Finn fram ei ildfast form.
  • Hell halvparten av grønsakssausen i forma.
  • Hell så ein tredjedel av ostesausen over dette.
  • Bland saman med ei sleiv.
  • Legg på lasagneplater slik at det dekker flata.
  • Gjenta same prosedyre ein gong til.
  • Hell siste rest av ostsausen over lasagnelag nummer to.
  • Legg osteskiver på toppen.
  • Steik lasagnen i oven på 200 grader i 30 minutt.
  • Skru ned varmen til 150 grader dersom du ser at osten har fått nok.
  • Servér med salat og brød til.
This entry was posted in ovnsrettar and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Vegetarlasagne

  1. Pingback: Spinatlasagne | Veggisbloggen

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>