Marokkogryte

Denne oppskrifta er inspirert av ei oppskrift eg fann i den flotte boka Veggiestan. Der vert den kalla for ei suppe, men eg vil heller kalle det ei gryte. Tomat, kikerter, krydder og sitron er hovudingrediensane. Servér med godt brød til.

marokkosuppa

1 lauk

2 stilkar stangselleri

litt olje

1 teskei kanel

1 teskei fersk ingefær

1 teskei spisskummen

1 teskei paprikapulver

1 teskei tumeric

4 tomatar

1 kopp raude eller grøne linser

1 boks kikerter

2 koppar vatn

1 spiseskei tamarisaus (eller annan soyasaus)

1 spiseskei sukker

1 spiseskei mjøl

1 spiseskei sitronsaft

fersk persille

salt

  • Skjer opp lauk og stangselleri og steik det i ei stor gryte på middels varme.
  • Tilsett krydder, tomat, linser og vatn.
  • La det koke opp.
  • Tilsett kikertene.
  • La gryta koke i minst 30 minuttar (til kikertene er møre).
  • Tilsett soyasaus, sukker og salt.
  • Bland mjøl og sitronsaft saman i ein liten bolle.
  • Ta ein liten slant av suppa opp i sitron og mjølblandinga.
  • Rør saman og helle det tilbake i den store gryta.
  • Server med fersk persille og sitronbåtar.
This entry was posted in gryterettar, I panna and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>