Rødbetpasta

Rødbet er ei flott grønsak. Den kraftige fargen er sjølvsagt spennande, men veit ein korleis ein skal bruke den, så smakar den utruleg godt også. Eg testa nyleg ei oppskrift basert på den danske kokeboka “Kirsten Skaarups grønne køkken”, nemleg “rødbedepasta”. 

rødbetpasta1

500 gram rødbeter
50 gram cashewnøtter
350 gram fullkorspasta
100 gram lauk
4 fedd kvitlauk
4 spiseskeier olivenolje
1 dl grønsaksbuljong
150 gram feta
oregano
salt
pepar

  • Kok rødbetene til dei er møre.
  • Skjer dei i små terningar.
  • Rist cashewnøttene gyldne på ei tørr panne og sett dei til side.
  • Kok pastaen og ha den klar til sausen er ferdig.
  • Hakk lauk og kvitlauk, brun dei i panna i 4-5 minuttar.
  • Tilsett rødbeter.
  • Smak til med salt og pepar og hell over buljongen.
  • Smuldre osten i panna og la den smelte litt.
  • Tilsett eventuelt litt vatn.
  • Bland pasta og saus.
  • Strø over cashewnøttene og oregano.
This entry was posted in pasta and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>