Vi er midt i november. Her i Bergen er det stortsett kaldt og surt slik som det brukar å vere på denne tida av året. Då passar det bra med ei fyldig grønsaksgryte. I denne har eg brukt mange grønsaker, men det er sjølvsagt ikkje krise om du manglar ein eller to av dei.
1 lauk
1 teskei kanel
1 teskei spisskummen
1 teskei paprikapulver
1/2 teskei kayennepepar
1 raud chili
2 fedd kvitlauk
2 gulrøter
1 stangselleri
1/2 paprika
4 poteter
1 søtpotet
1 stor squash
2 tomatar
spinat eller grønkål
2 koppar vatn
1 grønsaksbuljong
1 boks kokosmjølk
1 liten blomkål
2 teskeier sukker
salt
pepar
sitron
- Skjer opp alle grønsakene i terningar.
- Varm litt olje i ei gryte.
- Ha i lauk.
- Surr lauken i eit par minuttar.
- Tilsett krydder og la det surre eit par minuttar til.
- Tilsett resten av grønsakene i gryta.
- Ha i vatn, buljong og kokosmjølk.
- La det putre på middels varme under lokk i 15 til 20 minuttar.
- (Sjekk at potetene er møre.)
- Ha i to teskeier sukker.
- Smak til med salt, pepar og sitron.
