Aprikos-banan-bar

For eit par dagar sidan kjøpte eg nokre aprikosar som såg veldig innbydande ut. Dei viste seg å vere veldig sure. Eg bestemte meg derfor for å lage noko av dei i ovnen slik at dei skulle bli litt søtare. Resultatet vart veldig godt, men eg er litt usikker på kva eg skal kalle det, kanskje ein muslibar, kanskje eit mjukt knekkebrød. Det smakar i alle fall supergodt med ost på :-)

aprikosbananmusli

3 godt modne bananar
4 ferske aprikosar
4 dl havregryn
2 ss sesamfrø
1/2 ts kanel

  • Sett ovnen på 150 grader.
  • Skjer opp bananane og mos dei godt.
  • Skjer opp aprikosane i små bitar.
  • Bland frukta saman med havregryn, sesamfrø og kanel.
  • Smør deigen utover ei bakeplate som er dekt med bakepapir.
  • Ta enda eit bakepapir over for å trykke deigen flat. (Dette bakepapiret skal ikkje med i ovnen.)
  • Steik det i om lag 20-25 minuttar. Følg med så det ikkje blir brent.
  • Bruk ein pizzaskjerar til å dele opp med. Dette gjer du med ein gong du tek brettet ut av ovnen.
  • Overfør muslibarane til ei rist og la dei avkjøle.
  • Spis gjerne med ost til eller som dei er.
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ 9 = ten