Armensk linsesuppe

Kokeboka Veggiestan er ein av mine favorittkokebøker. Den har mange herlege vegetariske rettar frå eit området som mange ikkje umiddelbart forbinder med vegetarmat, nemleg Midtausten. Denne gongen har vi (dvs: mannen min) testa ut ei skikkelig smakfull armensk linsesuppe. Supergodt!

armensk linsesuppe

300 gram grøne linser
1 stor lauk
2 ss smør
7 fedd kvitlauk
1 ts koriander
1 ts spisskummen
1 ts paprika
1/2 kopp fersk dill
1 liter vatn
300 gram spinat
1 boks hakka tomatar
1 kopp valnøtter

  • Skyll linsene i kaldt vatn.
  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Smelt smør i ei stor panne.
  • Surr lauken og halvparten av kvitlauken.
  • Sett resten av kvitlauken til side.
  • Tilsett krydder, urter og linser i panna.
  • Tilsett vatn og la det putre i 40 minutt.
  • Tilsett spinat, tomat og nesten alle valnøttene.
  • Kok i fem minuttar til.
  • Finn fram ei lita steikepanne.
  • Steik resten av kvitlauken + resten av valnøttene i litt olje i eit par minuttar.
  • Hell suppe i djupe bollar.
  • Strø over kvitlauk- og valnøttblandinga.
  • Strø over fersk dill.
  • Server med godt brød til.
This entry was posted in gryterettar and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


7 + five =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>