Det er snart oktober. Det betyr at vi er i sesongen for graskar. Sjølvsagt må eg nytte moglegheita til å lage nokre gode rettar av denne herlege råvaren, som til dømes graskarsuppe! I denne suppa har eg brukt alle dei gode søraustasiatiske smakane som chili, lime og kokosmjølk; Kjempegodt!
Graskar kjem opphaveleg frå Amerika og arkeologiske funn viser at indianarane dyrka graskar 3000 til 4000 år før Kristus. Graskar finnast i mange ulike variantar. Vi har hokkaidograskar, spagettigraskar, butternuttgraskar og turbangraskar. Du kan velge kva variant du ønskjer i denne suppa. Servér gjerne med fersk koriander og godt brød til.
Til fire personar:
1 spiseskei olje
1 lauk
1 kg graskar
2 boksar kokosmjølk
2 teskeier sambal oelek (malaysisk chilisaus)
2 teskeier koriander
2 spiseskeier soyasaus
1 lime
- Varm opp ei panne med olje.
- Skjer opp løken og steik den i eit par minutt.
- Skjer opp graskaret, ta av skalet og frøa inni.
- Ha graskar og kokosmjølk saman med løken.
- Tilsett koriander, sambal oelek, lime og soyasaus.
- Kok opp, skru så ned varmen og la det putre med lokk i 15 minutt, eller til graskaret er gjennomkokt.
- La blandinga avkjølast i 10 minutt.
- Bland det i foodprosessor i eit par minutt.
- Kok suppa opp igjen slik at den blir varm.