Aspargessalat

For to dagar sidan kom eg heim frå ein herleg påskeferie i Spania. I matvarebutikken hadde dei innbydande buntar med asparges som eg bestemte meg for å lage ein salat av. Asparges-sesongen i Norge startar dessverre ikkje før i mai, men enn så lenge kan ein nyte dei importerte.

Asparges smakar forøvrig også veldig godt med risnudlar. Oppskrifta finn du her. Treng du fleire asparges-tips har frukt.no ei fin side.

aspargessalat

ein bunt grøne asparges
2 pakkar mozzarella
olivenolje
tomatar
1/2 paprika
salatblad
salt
pepar

  • Legg aspargesen i ein bolle med iskaldt vatn (gjerne med isbitar).
  • La dei ligge der i vatnet i ca. ti minuttar.
  • Knekk av den trevlete delen av aspargesen.
  • La dei koke i lettsalta vatn to til fire minuttar.
  • Ikkje kok dei for lenge for då vert dei daffe.
  • Skyll med kaldt vatn slik at kokeprosessen sluttar.
  • Ha eit par spiseskeier smør over aspargesen.
  • Skjer opp mozzarellaen i tynne skiver.
  • Hell over olivenolje og strø på med salt og pepar.
  • Skjer opp tomatar i skiver og paprika i terningar.
  • Legg alt på ein tallerken og servér med godt brød til.
This entry was posted in salatar and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


one + = 4