Banan- og nektarinmuffins

Av og til er det utrulig godt med noko velduftande og nybakt frå ovnen. Eg hadde mange bananar som hadde sett sine beste dagar og nytta høvet til å lage bananmuffins. Ein nektarin i røra viste seg å vere ein super kombo. 

banannektarinmuffins

ca. 9 muffins

2 overmodne bananar
1 nektarin
1 egg
1/2 dl  solsikkeolje
1 dl sukker
ca. 2 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1/2 ts kanel

  • Sett ovnen på 180 grader.
  • Skjer opp bananane.
  • Mos dei med gaffel.
  • Skjer opp nektarinen i små bitar.
  • Bland saman frukt, egg og olje i ein bolle.
  • Tilsett det tørre og bland saman til ei røre.
  • Ha røra i muffinsformer.
  • Fyll opp formene litt over halvvegs.
  • La dei steike i 15 til 20 minuttar, men følg med så dei ikkje brenn seg.
  • La muffinsane avkjøle på rist.
  • Servér med eit glas iskald mjølk til!
This entry was posted in Kjeks og kaker and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


8 − = six

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>