Bananmilkshake

Bergen badar i sol om dagen. Varmt og deilig er det også. Ja, visstnok er det den varmaste juli månad sidan 1903. Slike tempraturar krev at ein diskar opp med noko godt å drikke. I kveld laga eg ein herleg milkshake med banan, kanel, kakao og vaniljesukker. Mmmm! sa min gode mann då han slurpa den i seg, så eg tek det som ei anbefaling :-) Framleis god sommar.

milkshake1

2 godt modne bananar
1 ts kanel
1 ts vaniljesukker
1 ts kakaopulver
4 dl heilmjølk
10 isbitar

  • Kutt opp bananane i små bitar.
  • Ha alle ingrediensane i ein bolle/behaldar.
  • Bland alt saman med ein handmiksar. (Har du ein blender så funkar det sikkert veldig bra.)
  • Drikk den opp så kjapt som mulig!
This entry was posted in drikke and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


three × 5 =

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>