Bergen vegetarguide

bilde (29)

I august 2014 laga eg ein vegetarguide med tips over gode stader som serverer vegetarmat i Bergen. Sidan då har det komt nye restaurantar og kafear i byen + at eg har besøkt stader som eg ikkje har vore innom før. Her er lista i utvida versjon. Gi ein lyd om du har ein kafé, bar eller restaurant som eg bør få med på lista!

Kafé Aura, Marken
Dette er ein avslappa kafé/restaurant i Marken. Eg er spesielt glad i paien her, men dei har også ofte veldig gode supper. Utvalet av kaker er også stort og godt.

Bastant
Har du lyst på ei nydeleg suppe, så er Bastant plassen. Dei har kafé både ved Bryggen og i Stølegaten. Kaffien, brunsjen og eplemosten smakar også ypperlig.

Bergen kaffebrenneri, Møhlenpris
Her finn du den kulaste uteserveringa i byen. Her er det små bedd med grønsaker og klatrande planter i inngangspartiet. Ofte har dei ei grønsaksgryte på menyen. I tillegg er det alltid dumpsterpizza frå den glødande ovnen. Kaffien smakar sjølvsagt også ypperleg.

Landmark, Lille Lungegårdsvann
Mange trur at Landmark berre er ein klubb, men det er faktisk ein bra kafé også. Eg likar spesielt å gå dit når dei opnar klokka 11. Då er det nesten ingen folk der, berre masse gode sofaer. Her er det ikkje middag, men ein super blings med ost og ein digg brunsjtallerken med mellom anna yoghurt, egg, frukt, brød og ulike ostar.

Pygmalion, Vågsbunnen
Her får du både fylte pannekaker, veggisburger og vegetarlasagne med høg kvalitet. Lokalet er koselig og skal du på date vil eg absolutt anbefale å reservere bordet ved peisen :-)

Maharaja, bak Bryggen
Vi har ikkje så fryktelig mange indiske restaurantar i Bergen, men Maharaja like ved Bryggen er eit veldig godt alternativ. Eg er spesielt glad i dal makhani + den supersøte retten gulab jamun som du finn på dessertmenyen!

Mandalay, Vågsbunnen
Dette er ein uformell og trivelig burmesisk restaurant med mykje digg på menyen. Dei har mellom vegetariske vårrullar, misosuppe, nudelwok og vegetarsushi.

Nobel Bopel, Møhlenpris
Denne sjarmerande kafeen har ope frå torsdag til søndag og er absolutt ein digg plass å legge helgelunsjen til. I likskap med Landmark har dei ein flott brunsjmeny med yoghurt, brød og ulike ostar.

Soya restaurant, bak Bryggen 
Ein moderne asiatisk restaurant med mykje kinesisk på menyen. Dei har ikkje fryktelig mange veggisrettar, men “Buddha hotpot” er supergod. Her får du sopp og saftig tofu i ein småheftig sechuansaus.

Smakverket, Lille Lungegårdsvann
Dette er ein populær kafe som høyrer til KODE (Kunstmuseene i Bergen). Dei har ikkje fryktelig mykje vegetar på menyen, men ciabbattaen med ovnsbakte grønsaker og ein slags aioli er kjempegod. Det same er scones med syltetøy og creme fraise. (Har du små barn som må sove i vogn ute, er dette den mest ypperlege plassen i byen. Her er det høge stolar, store vindauge og overdekt tak.)

Kafé Spesial
Dette er ein klassisk studentplass. Både på pizzamenyen og pastamenyen er der fleire vegetarrettar. Fettucine med soppsaus er supergodt. Det same er sjampispizza med ekstra artisjokk. Spesial har også ein veggisburger. Den er god, men brødet som kjem med er kanskje ikkje så spennande.

Zen café
Denne uformelle vietnamesiske restauranten i Strømgaten 26 har smakfull mat til ein billig penge. Eg har særleg sansen for tofuretten i karrisaus. Den er ganske sterk og veldig god!

 

 

 

 

 

 

This entry was posted in inspirasjon. Bookmark the permalink.

2 Responses to Bergen vegetarguide

  1. Ingrid says:

    Jeg er veldig glad i thaimat, anbefaler Den Lille Risbollen der de har et veldig stort utvalg av vegetarretter. Kroathai er også bra, og jeg liker vegetarburgeren på Roll & Rock. Zafran har også mye godt.

  2. milostephan says:

    Hei Ingrid!
    Takk for gode innspel. Eg er også veldig glad i Kroathai og Zafran. Eg må få dei på lista. Den Lille Risbollen og Roll & Rock har eg ikkje testa, men det skal eg gjere etter dine anbefalingar :-)

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


× nine = 18