Bergen vegetarguide

grønt

Eg har lenge tenkt at eg ville lage ein guide med tips over gode stader som serverer vegetarmat i Bergen. Og her kjem det endeleg. Det kan vere at nokon har skifta litt på menyen sidan sist gong eg var der, men i hovudsak skal dette vere ei veldig oppdatert oversikt.

Kva er dine favorittstader i Bergen? Legg gjerne igjen ein kommentar!

Pygmalion
Her får du både fylte pannekaker, veggisburger og vegetarlasagne med høg kvalitet. Lokalet er koselig og skal du på date vil eg absolutt anbefale å reservere bordet ved peisen :-)

Kafé Aura
Dette er ein avslappa kafé/restaurant i Marken. Eg er spesielt glad i paien her, men det har også ofte veldig gode supper.

Zen café
Denne uformelle vietnamesiske restauranten i Strømgaten 26 har smakfull mat til ein billig penge. Eg har særleg sansen for tofuretten i karrisaus. Den er ganske sterk og veldig god!

Kafé Spesial
Dette er ein klassisk studentplass. Både på pizzamenyen og pastamenyen er der fleire vegetarrettar. Fettucine med soppsaus er supergodt. Det same er sjampispizza med ekstra artisjokk. Spesial har også ein veggisburger. Den er god, men brødet som kjem med er kanskje ikkje så spennande.

Maharaja
Vi har ikkje så fryktelig mange indiske restaurantar i Bergen, men Maharaja like ved Bryggen er eit veldig godt alternativ. Eg er spesielt glad i dal makhani + den supersøte retten gulab jamun som du finn på dessertmenyen!

Bastant
Har du lyst på ei nydeleg suppe, så er Bastant plassen. Dei har kafé både ved Bryggen og i Stølegaten. Kaffien, brunsjen og eplemosten smakar også nydeleg.

Landmark
Mange trur at Landmark berre er ein klubb, men det er faktisk ein bra kafé også. Eg likar spesielt å gå dit når dei opnar klokka 11. Då er det nesten ingen folk der, berre masse gode sofaer. Her er det ikkje middag, men ein super blings med ost og ein digg brunsjtallerken med mellom anna yoghurt, egg, frukt, brød og ulike ostar.

Nobel Bopel
Denne sjarmerande kafeen har ope frå torsdag til søndag og er absolutt ein digg plass å legge helgelunsjen til. I likskap med Landmark har dei ein flott brunsjmeny med yoghurt, brød og ulike ostar.

Bergen kaffebrenneri
Her finn du den kulaste uteserveringa i byen. Her er det små bedd med grønsaker og klatrande planter i inngangspartiet. Ofte har dei ei grønsaksgryte på menyen. I tillegg er det alltid dumpsterpizza frå den glødande ovnen. Kaffien smakar sjølvsagt også ypperleg.

This entry was posted in tips og triks and tagged , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


6 − = five

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>