Blåbærpannekaker

Når ein har god tid er det kjekt med ein litt ekstra god frukost. Vi lagar ein del scones på morgonkvisten, men nokre gonger går vi for pannekaker. Det tek fem minutt å røre saman og cirka minuttar å steike og så VIPS! luktar heile kjøkenet av herlege pannekaker. I denne har eg rørt inn pannekaker i røra og hatt banan, kanel og lønnesirup på toppen. Nam! (Oppskrifta er henta frå Meat Free Monday Cookbook.)

pannekaker

225 gram kveitemjøl
3 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1/2 ts salt
4 ss sukker
50 gram smelta smør
2,5 dl mjølk
2 store økologiske egg
150 gram frosne eller ferske blåbær

  • Bland saman alt det tørre i ein bakebolle.
  • Smelt smøret i ei panne.
  • Lag ei grop i midten av bollen.
  • Visp saman smelta smør, mjølk og egg.
  • Bland dette ned i gropa og bland godt med ein visp slik at alle klumpar forsvinn.
  • Vend forsiktig inn blåbæra i røra. Dersom du blandar for mykje får røra ein merkelig grå-lilla farge. Mørkeblå blåbærprikkar er mykje finare!
  • Smelt ein klatt smør i ei steikepanne.
  • Ta tre spiseskeier røre i panna om gongen.
  • Vend etter ca.  1 minutt.
  • Servér med banan, kanel og lønnesirup.
  • God frukost!
This entry was posted in frukost and tagged , , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


two + = 11