Blåbærtid!

Augustvarmen kjem til oss. Vi smiler.

Sol i augene. Strålar på vatnet.

Ein liten biltur unna og vi er på plass.

Det vesle skogholtet. Stien med dei små steinane. 

Der inne ligg blåbærskogen. 

Lillablått. Mørkeburgunder. 

Lubne barnehender plukkar varsomt dei små bæra.

Fingrane får nye fargar. Munnen det same.

pannekaker

Pannekaker med sjølvsplukka blåbær

3 egg
2 dl heilmjølk
1 ss olivenolje
100 gram kveitemjøl
1 ts salt
2 ss sukker
1 ss chiafrø (valgfritt)

Bremykt eller anna smør

masse blåbær!

  • Visp saman egg i ein bolle.
  • Bland inn mjølk og olje.
  • Ha forsiktig i den tørre ingrediensane.
  • Visp til du ikkje har fleire klumpar i røra.
  • Dekk over bollen med folie og set i kjøleskapet i minimum 30 minutt. (Du kan også la det stå i kjøleskapet natta over slik at du har røra klar til frukost.)
  • Steik pannekakene på middels varme.
  • Servér med nyplukka blåbær og litt sukker til.
This entry was posted in frukost, I panna and tagged , , , . Bookmark the permalink.

One Response to Blåbærtid!

  1. Maria U says:

    Nå fikk jeg lyst på pannekaker :D

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


6 × = thirty six

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>