Blomkål- og fennikelsuppe

I går kveld fekk vi ei ny ladning med økologiske grønnsaker frå Finnegarden på Voss. Det er alltid veldig inspirerande å plukke frå denne korga når ein skal lage mat. Velge eit par grønsaker og kanskje lage ein ny matrett? I dag har eg laga suppe. Den er i hovudsak resultatet av litt triksing og miksing, men ideen om å ovnsbake blomkål og fenikkel, fekk eg frå eit par ulike oppskrifter på nett. Mi gode vennine Anne var her på middag og testa den ut: Stor suksess. Ei mettande og smakfull suppe som passar supert med rundstykker med smør på. 

blomkålfennikelsuppe

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1 blomkål
1 fennikel

1 middels stor lauk
2 fedd kvitlauk
1 boks kikerter (I love eco 285 gram)
1 boks grøne erter (I love eco 280 gram)

ca. 1 liter grønsaksbuljong

salt
pepar
fersk persille
olje
1 ss pesto
1 ss soyasaus

1/2 sitron

  • Sett ovnen på 200 grader.
  • Skjer opp blomkål og fennikel.
  • Legg det på et badebrett.
  • Hell over litt olivenolje.
  • La grønsakene bake i om lag 20 minuttar.
  • Rør rundt av og til.
  • Skjer opp lauk og kvitlauk.
  • Steik det på middels varme i ei stor steikepanne.
  • Tilsett blomkål, fennikel, kikerter, erter, pesto, soyasaus og grønsaksbuljong.
  • La det putre i 10-15 minuttar.
  • Smak til med salt, pepar.
  • Press over safta av ein halv sitron.
  • Bland suppa med foodprosessor eller stavmiksar.
  • Strø over fersk persille på toppen og kanskje ein dæsj olivenolje.
This entry was posted in supper and tagged , , , , . Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *


+ three = 7

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>